Litt om meg

Dette  vil nok verte ein blogg om alt og ingenting, om lite og mykje;)

Dette er altså meg. Ei vanleg jente med, kanhende, eindel uvanlege erfaringar. Eg håpar iallefall eindel av erfaringane langt frå er noko dei fleste vil få oppleve.

Løvetannjenta er eit bevisst valgt namn på bloggen min.

Begrepet «løvetannbarn» er vel kjend som evnen til å sprenge seg gjennom asfalt, kratt og andre vanskelege stader, men til trass for motgang overleve og blomstre under tilsynelatande umulige vekstvilkår.
Eg var så heldig og vaks opp i ein vidunderleg trygg og god heim:)) Men kvifor då kalla meg Løvetannjenta?
Det er på grunnlag av alt eg har opplevd i vaksen alder….til eg traff mannen som skulle endre framtidshåpet for meg og borna og gje dei ein trygg kvardag;) Saman fekk me endå eit barn og dei tre fekk enda ein bror:)
Desse tre Løvetannborna mine blomstrar og det gjer Løvetannjenta og.
Som de forstår, er eg idag lukkeleg gift og velsigna med tre born <3

Eg er ei jente med bestemte meiningar…og det vil eg nok uttrykka meir enn ein gong i bloggen min;)

Ellers likar eg å ta bilete,  drive med diverse hobbyar og handarbeid, noko eg og kjem til å visa til her:)

Eg er utdanna lærar, men jobbar for tida som selger og det trives eg med for øyeblikket. Det passar godt inn i ein hektisk kvardag å kunna styre dagane sine litt sjølv.

Som de forstår vil dette verte ein blogg om alt og ingenting, om lite og mykje;)