Category Archives: Tanker

Nokre meter med tråd

Siste ferdige prosjekt  er genser, med tilhørende hue, til mannen i huset. Ikkje minste størrelse (xxl) , men greit med tjukk tråd og store pinner:) gjekk over ei veke alikevel…

 Genseren til Sebastianguten i str. 2 år tok lengre tid, sjølv om han er liten 🙂 Mariusgensar i oppdikta fargar og restetråd;)

Atter ei natt..

Vell…ikkje noko spesielt med denne dagen, sånn eigentleg. Anna enn at minsteguten og mannen har vore sjuke. At Sebastian har vore sjuk er vel ikkje så spesielt det heller, igrunn;)

Natta er komen og dei andre i huset sover. Berre ikkje ho mor. Tankane har ein tendens til å svirra endå kraftigare rundt i hovudet på denne tida av døgnet:/  Litt slitsomt i lengden på ein måte… Og så er det så irriterande at alle løysningar og idear som dukkar opp etter 24.00 på nattestid, over hode ikkje er gode løysningar når dagen kjem..

Det er faktisk utruleg kor mange idear og tankar eg kan ha på denne tida, som verkar berre heilt geniale:)) Alt frå å ta opp lån så eg kan kjøpa leiligheter som kan husa rusmisbrukarar som står på bar bakke, til å faktisk meine at eg kan redda iallefall ein tredjedel av verden- til at eg faktisk sikkert kunne gitt nokon ein kraftig lærepenge med bruk av heilt anna enn freelege midlar! Men så kjem (heldigvis) ein ny morgon og ein ny dag….der eg ser at ingenting av dette kan setjast i livet denne dagen heller:) Men kanskje ein annan dag?

«For når man er en Bjørn ( eller Theresemor) med Bare Liten Forstand, og man Tenker på Ting, så er det ofte at Tingen kjennes mye lurere ut når den er inni deg enn når den kommer ut og andre kan se på den………….. «

Tenk, tenk, tenk….seier Ole Brum…eg gjer jo ikkje anna og det hjelper utruleg lite! Men, så skal det vera nevnt at året som ligg bak har hatt unødvendig store utfordringar som og kjem til å prega dette nye året. Og ting tar tid….inntil det skjer noko, så er det jo ikkje stort anna ein kan gjer enn å tenkje, leggje (urealistiske) planar 🙂 Jau då- innimellom tenkinga så både jobbar eg og kosar eg meg gløgg med familien <3 . Om natta når dei sover, så strikker eg så nakken er som ein perlesnor…men det er verdt det:)

Men no skal eg prøva att…å sova, altså:) kanskje eg kjem på nokre idear og planar eg verkeleg kan setje ut i livet? Kven veit:)))